Karl Seglem (f. 1961)
Medlem av: Nopa, Norsk Komponistforening, Den Norske Forfatterforening, Creo, Gramo, andelshaver Tono, Norsk Lur og Bukkehornlag, FolkOrg., Kunstnerforeningen av 1864, NYE NOR - Fono
Ein markant og nyskapande musikar og komponist som har utvikla eit unikt musikalsk språk i skjæringspunktet mellom folkemusikk og jazz.
Han er karakterisert som "En musikalsk nasjonalskatt" og "En av de fineste stemmene i nordisk jazz" og har motteke Buddyprisen, norsk jazz si høgaste utmerking.
Karl Seglem har ein rik og mangfoldig produksjon der utgjevingar som Mytevegar (myth.path.hope), Ei aning grønt, Ossicles, Som spor, Nordic Balm, Nye Nord, Nunatak og Oljelenkjer utmerkar seg som særeigne, sterke og personlege arbeid.
Har konsentrert seg om norsk folkemusikk som basis for improvisasjon og komposisjon, og særleg arbeidd med å utforske hardingfelemusikken.
Har turnért store deler av verda og særlig fått gjennomslag i Tyskland. Seglem har også turnert mykje i Norge og hatt konsertar på klubbar, festivalar, skular og gjennom ei rekkje samarbeid med andre kunstuttrykk som biletkunst, dans, poesi, og på spektakulære utescener, i naturen.
Har komponert musikk til eigne ensemble, teater, film, video og installasjonar og jobb med å presentere musikk for born og unge. Han har komponert ei rekkje bestillingsverk til sentrale norske arrangørar/festivaler.
Han er aktiv som studiomusikar og plateprodusent for mange ulike jazz- og folkemusikkartistar og har sidan 1991 drive plateselskapet NORCD som skifta namn til NYE NOR i 2020.
Seglem har samarbeids med musikarar fra ei rekkje land som Portugal, Pakistan, Bulgaria, India, UK, Sveits.
Karl Seglem har spelt for den norske Kongefamilien ved ei rekkje høve og utstillingsopningar, samt på Kronprinsesse Mette Marit sin 40-årsdag.
Han er nominert til Spellemannprisen 4 gonger, og fekk Folkelarmprisen for "Ossicles" i 2010.
Seglem har kome ut med 5 poesisamlinger "Djup redsle. Djup ro", “Stilla er ein åker”, "Kvit frekvens, stille spor", "Kvervel" og "Oljelenkjer". Han er også forfattar av historier i barnebokantologiane Godnattboka, Eventyrboka, Trøysteboka, Monsterboka og Fantasiboka
Karl Seglem er frå Årdalstangen i Sogn, busett i Oslo