Karl Seglem FolkJazz

Norges fremste bukkehornist og tenorsaxofonist har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt, alt utanfor. Det er vanskeleg å setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seia. Og musikken er for han ei vital og personleg uttrykksform. Kvartetten presenterer musikk frå ei lang rekke av hans mange album-utgjevingar. Rike lydlandskap der både fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakkert energisk - med poetisk nordisk tøtsj.

"Seglem er en sann original, en banebrytende komponist og utøver som har skapt sitt helt eget uttrykk. Han er enestående, og får nesten alltid strålende kritikker. Allikevel regnes det han gjør av mange som smalt. Så feil kan det bli. Det meste er svært melodiøst og gjør musikken lett tilgjengelig. Han burde heller vært tatt imot som en musikalsk nasjonalskatt." 6 av 6 Svein Andersen / Aftenposten

Karl Seglem, tenor sax, bukkehorn, poesi, vokal

Erlend Viken, feler, vokal

Hallvard Gaardløs, bass, vokal

Kåre Opheim, trommer

Lyd: Ingar Hunskaar, Ove Nesheim

Karl Seglem solo

Karl Seglem har ulike prosjekt gåande med andre artistar, og set stor pris på å medverke på konsertar og innspelingar i ulike sjangrar. Ta kontakt for forespørsel om alle typar samarbeid.

I 2026 medverkar han på innspelingar, konsertar og utgjevingar med:

Karl Seglem Band

"– Musikken hans minner om opne, sterke landskap, om revna fjell framom ein mørk horisont og om skummande hav i stormen. Tonen hans er som skuggar i ein seinsommarkveld med pulserande lys frå ei låg sol. Videre vart eg samanlikna med genuine storheiter som Brian Eno og John Coltrane og konsertane hans vart skildra som lange musikalske reiser i heimlandet Norge  - og i jazzhistorien"

Süddeutsche Zeitung

Karl Seglem, tenor sax, bukkehorn, poesi, vokal

Håkon Høgemo / Sigrid Moldestad, hardangerfele

Erlend Viken, feler, vokal

Andreas Vold Løwe, piano, tangent

Hallvard Gaardløs, bass, vokal

Kåre Opheim, trommer

Alf Magne Hillestad, trommer, elektronikk

Lyd Asle Karstad, Ove Nesheim

Lysdesign Birk Nygaard

Jazz & Poesi

Karl Seglem, bukkehorn, elektronikk, tenor sax, vokal og eigen poesi

​Karl Seglem presenterer Jazz & Poesi både solo og i duo- og trio-format.

DRAUMKVEDET

“Av de mange dyktige utøverne vi kan høre fremføre Draumkvedet i dag, er Berit Opheim for meg selve «Dronningen av Draumkvedet», enten det
er i soloversjon eller i en setting med flere
musikere rundt seg.”

Tellef Kvifte, *saltpeanuts.eu

Berit Opheim, vokal

Karl Seglem, bukkehorn, stemme, elektronikk