Djup Redsle
Djup ro

ei vifte av tid
ei æveleg utbretting
eg held deg
hald meg
vil me gløyma alt
som om alt ikkje er lenge sidan
eg stryk deg
stryk meg
i frekvensar av lys
med lydleg von
eg treng deg
treng meg
vil me hugsa alt
som om alt ikkje er lenge sidan
eg vil deg
vil meg

Oljelenkjer

vindane jamne
i eit grønt lys som faldar seg ut

med ei sterk rørsle
som i meg

med ei sterk rørsle
som i deg

vinane jamne
varande og vare

noko langt mørkare
må koma frå dei stengde dagane

vindane jamne

i dei seine nettene brer opning om seg

Kvervel

gje meg ikkje svar
be meg leita, spørja,
løfta og kløyva

bjørk
bora auga inn i mergen
finne først årring

så lang tid
komma så kort

Kvit frekvens,
stille spor

Stilla er ein åker

stilla er ein åker
me kan pløya med vår pust

mold og frå
vind og vatn

ana den kraft dråpen gjev
hausta som fortent